Smil til dansken, og dansken smilar til deg

Ting og Tang, danmark, personlig April 18th, 2009

- Om motvind, og viktigheten av sykkelstativ

Etter å ha studert den danske kulturen ei stund, vil eg seia at det er ein god del skilnader på nordmenn og danskar.  Men skilnadane stemmer ikkje særskildt bra overeins med fordommane mine.  Det vil seia, eg har fått nye. Danskan er ikkje nødvendigvis den joviale, øldrikkande og pølsespisande moroklumpen eg før såg for meg. Det vil seia - eg har møtt mange joviale og øldrikkande danskmend, men talet på individ med slike trekk er ikkje større enn hos norskane. Danskane kan rett og slett vera skikkelig vanskelig å komma innpå, men dette bunnar ofte, i alle fall i mitt tilfelle, i at dei ikkje forstår eit ord av det du seier. Ganske likt oss kalde nordmenn, altså.

Men det er ein viktig skilnad. Dette la eg merke til då eg kom tilbake etter førre norgesturné, og gjekk ut for å handla mat i strålande vér etter tilbakekomsten. For - kvar eg enn gjekk, var det folk som smilte til meg.  Smil til dansken, og dansken smilar til deg. Dette gjeld sjølvsagt ikkje servicepersonar. Dama i kassen var like sur denne dagen som butikkpersonale flest her er. Men kjæresteparet eg nesten gjekk på grunna den blendande sola, den fulle mannen som måtte flytta den andre fulle mannen for at eg skulle komma meg forbi dei, dama som var på søndagstur og hadde med seg ein umogleg unge - dei smilte alle. Og dei smilte til meg.

Eg seier ikkje at alle danskar smilar og at alle nordmenn er sure. Men smil til ukjente, der ukjente er meg, er definitivt meir vanlig her andre stadar eg har budd, ei erfaring som for det meste strekk seg til det norske vestlandet. Gudane må vita kvifor dei smiler så mykje, men eg har, ufrivillig, litt problem med å forhalda meg til det. Eg er ikkje vant til å smila utan grunn. Eg smilar som oftast tilbake til dei som smiler til meg, men føler ofte det blir litt tilgjort og rart.

Smiling er nok ei treningssak. I likheit med sykling.

For - etter ein innkjøringperiode på fleire månader, tør eg no endeleg å sykla over heile byen. For den erfarne syklar verkar nok ikkje dette som nokon stor bragd, men for meg har det vore ein lang prosess. Endelig kan eg sykla på nye stadar utan å ha hjarta i halsen i redsel for å bryta ein eller annan uskriven trafikk- og/eller sykkelregel.

Og sykling har, her som det er lagt så godt til rette for det, heilt klart sine fordelar. Danskane syklar ikkje berre for å vera stilige og kontinentale. Der eg budde før tok det 12-16 minutt å sykla til skulen, mot rundt 30 minutt med buss. Å gå tok rundt ein time, så valet var lett. Der eg bur no tek det meg 17-20 minutt å sykla, og minst ein halvtime med tog/buss/metro. Gange er uaktuelt med mindre det er snakk om søndagstur.

Og her kjem me til poenget. Når eg opererer med køyretidene 12-16 og 17-20 minutt, er ikkje det tilfeldig. Køyretida varierer nemleg frå dag til dag. Og då tenker eg ikkje på at den varierer med dagsformen. Køyretida varierer dramatisk i forhold til vindretning og -hastigheit. Motvind er ikkje noko eg har tenkt særleg over tidlegare i livet. Motvind er noko sjømenn og folk som har ein overdriven glede av å bruka metaforar pratar om. Danmark er flatt, og derfor går det som ein vind å sykla. Men altså ikkje i motvind. Det er svært få oppoverbakkar i København, og dei som er her er ikkje særleg bratte. Men det skjer titt og ofte at det dukkar opp usynlege motbakkar som senkar tempoet betrakteleg.

Eg har sykla mykje meir i oppoverbakke etter at eg flytta til Danmark.

Vind, som det altså er ein del av her i landet, har fleire konsekvensar for den glade syklist. For meg har vinden kosta dyrt, nærare bestemt i form av innkjøp av nytt kulelager. Dette er landet med dei tusen syklar, men diverre berre rundt fem hundre sykkelstativ. Det vil seia - det er endeleg nok av sykkelstativ, dei er berre ikkje alltid der du har bruk for dei. Ein sykkel har ein relativt tung kropp, og kun ein metallpinne til å halda seg oppreist når den står i ro. Eit par gode vindpust, og den står ikkje lengre oppreist. I mitt tilfelle har dette betydd ei litt skeiv korg, og altså nytt kulelager. Då trøene løsna og byrja å svinga litt frå side til side ein dag på veg til skulen, tenkte eg at ein umbraconøkkel nok ville fiksa biffen. Ved nærare ettersyn såg eg at problemet kravde verktøy eg ikkje hadde. Eg gjekk til sykkelmannen på hjørnet, stolte blindt på ekspertvurderinga hans, som sa at verken smøring eller skruing ville fungera, og køyrer no rundt på ein glad sykkel. Då eg henta sykkelen etter operasjonen spurte eg reparatøren, som ikkje var spesielt god i dansk og ikkje forstod eit ord norsk, kva eg måtte gjera for å unngå at dette skulle skje igjen. Etter mange gjentakingar av spørsmålet og peiking skjønte han endeleg kva eg meinte.

«Ikke sånn», sa han, og simulerte eit sykkelfall til høgre side.

No parkerar eg nødig viss eg ikkje finn eit sykkelstativ.
Comments Off

Vinter 2008-2009

Retorikk, danmark, personlig January 6th, 2009

Her i Danmark har ein “vintereksamen”. Kva er vintereksamen, spør du? Det er eksamen for haustsemesteret, svarar eg.

Og med eit semester som går frå september t.o.m.  januar, er det ikkje sjølvsagt at eksamen er før jul. Alt i desember og januar ser ut til å vera plausible tidspunkt for levering av oppgåver, coladrikking og skrivekrampe på skriftlig, og hyppig vannlating og håndskjelving på muntlig.

I mitt tilfelle hamna begge eksamenane i januar, med oppgåveinnlevering 5. januar, og muntleg 29. januar. Med andre ord:

- Hurra, eg har endeleg levert frå meg oppgåva!

- Pokker, no er det til med ny eksamenslesing.

- Hurra, eg har over tre veker på meg til å berre konsentrera meg om muntlegeksamenen!

- Pokker, det vart ingen juleferie.

Det siste er sjølvsagt ei overdriving. Eg har hatt eit langt og fint opphald i gamlelandet, og har storkost meg i jula. Eg har aldri sett så stor pris på å vera heime før, noko som kanskje har ein samanheng med at eg bur i ein kjellar utan golv(belegg). Mamma har varta opp med deilig julemat og vaffelkos på løpande bånd, og eg har også vore innom storbyen Bergen ved fleire anledningar og treft gamle og nye kjente. Og sjølv om det var skriving i heile desember, føler eg at eg fekk slappa av med ein kopp te i sofaen på Vaksdal ved mange anledningar. Eg fekk til og med tid til fleire turar i oppoverbakke, noko det er mangelvare på her, bortsett frå når eg aukar hellinga på tredemølla (noko eg fann ut, etter ein tur med pappa, at eg bør gjera mykje oftare).

Framover er skal eg, som sagt, lesa til eksamen i retorikkhistorie. Og når eg er ferdig med det, kjem eg til å gå på butikken og spørja etter eit par banankassar, og leiga ein bil. Ved månadsskiftet flyttar nemleg eg og Marthe inn i ein dejlig to-roms i Sydhavnen, i eit ekte borettslag. Her er det vaktmeister, stor bakgård, festlege arrangement og ikkje minst eige bredbåndsudvalg. Eg gler meg som ein liten unge til å skikkelig kjøkken (med gasskomfyr!), store vindauger, ein liten hageflekk og ikkje minst litt meir privatliv enn eg føler eg har her. Marthe ringte meg også i dag og kunne fortelja om følgjande samtale med venninna hennar, som har budd her ei stund:

(V.t.M = Venninna til Marthe)

V.t.M: Har dere bord på kjøkkenet?

Marthe: Ja…?

V.t.M: Luksus!!!

Så her er det altså all grunn til å smila, planta eit par urter i hagen og gle seg over ei lys framtid i Kongens by. Og til alle dykk der ute i dei tusen heimar: Godt nytt år, og takk for det gamle!

3 Comments »

Snø og Cola

Ting og Tang, danmark, personlig, syting November 24th, 2008

Det snør altså her i Danmark. Ja, det er heilt sant. Sjølv om eg har flytta sørover er det kaldt og surt, og i dag tidleg måtte eg skrapa sykkelsetet for rim. Men då er det fint å vera inne! (Særleg etter at du har vore ute)

Laurdag var eg ute på ein liten sykkeltur, berre for å bli stoppa av ein enorm Colabil. Ein slik du ser i reklamen - ein trailer med julelys rundt alle kantane. Med folketog framfor seg og fullstendig kaos på fortaua ved sida, snigla sjølve symbolet på kapitalismen seg framover i eit tempo som kunne få dei mest bedagelege rulatorbrukarar til å stampa med foten. Så det fekk meg til å lura på kva danskane eigentleg driv med. Er det ikkje litt tidleg? For det var nemleg juleopptog i Amagerbrogade - 22. november.

Liten og stor var ute for å markera tenninga av julepynten som dinglar over gata (som eg personleg synest er forferdelig stygg), det var sal av gløgg og eg er sikker på at eg kunne lukta brente mandlar i det fjerne (men det sel dei for så vidt i Strøget heile året, så eg er usikker på kor julete det eigentleg er).

Eg kom meg forbi til slutt, og fekk gjort ærendet mitt, men det tok særdeles lang tid, og eg må innrømma at eg rett og slett vart litt irritert over heile greia.

Er eg ein norsk grinebitar? Har eg ein grusom dobbeltmoral, sidan eg skal på juleverkstad hos Anette i morgon?

Eg vil tru dette innlegget er eit av mange tusen rundt denne tida som klagar på at julepynt og -kaker og -brus er i gater og butikkar alt for tidlig. Men eg meiner det likevel.

4 Comments »

Vagtelæg

danmark, personlig October 30th, 2008

Ja, her i EU har ein gjerne eit litt meir spenstig utval i daglegvarebutikken enn i resten av Norden. I dag var eg ein tur innom Føtex for å sjå om dei hadde sykkellykt, og det hadde dei. Dette var ikkje overraskande i seg sjølv, då Føtex er ein butikk med all verdas saker og ting, kanskje slått i breidde av Kvickly, som ikkje berre har sykkellykt men også syklar mellom melk og egg.

Og det var egg eg gjerne ville seia nokre ord om. Sidan Føtex ikkje er den butikken eg brukar mest, blant anna fordi den stadig har «fødselsdagssalg» med tilhøyrande fantastiske tilbod og enorme køar, tok eg ein runde i matavdelinga. Eg fann middag for dei to neste dagane, ein type te eg har leita etter - og vagtelæg. Dette har eg aldri sett i Noreg. No skjønnar eg at det eg fekk servert i det vesle tehuset i Kina ikkje er så eksotisk som eg trudde. VagtelægSå er det berre meg, eller er dette litt uvanleg for oss nordmenn? Er dette noko ein brukar i vaflar og liknande? Eit enkelt Google-søk viser at det er mykje rart ein kan bruka det til - f. eks Vagtelæg med pinjekerner, røget laks med vagtelæg og citroncreme eller rett og slett som pynt på salat.

Vaktelen, eller Common Quail som den heiter på engelsk, er ein heilt ukjent bidragsytar i mitt kosthald. Assosiasjonane dei gir meg, til små søte egg i små søte reir i skogen, seier meg at slik vil det fortsetja å vera ei god stund framover.

Edit: Eg ser at med biletet eg har vald ser egga skikkelig store ut, men det er ein grov illusjon.  Dei er bittesmå. Sjå her for ei samanlikning.

No Comments »