Vinter 2008-2009

Retorikk, danmark, personlig January 6th, 2009

Her i Danmark har ein “vintereksamen”. Kva er vintereksamen, spør du? Det er eksamen for haustsemesteret, svarar eg.

Og med eit semester som går frå september t.o.m.  januar, er det ikkje sjølvsagt at eksamen er før jul. Alt i desember og januar ser ut til å vera plausible tidspunkt for levering av oppgåver, coladrikking og skrivekrampe på skriftlig, og hyppig vannlating og håndskjelving på muntlig.

I mitt tilfelle hamna begge eksamenane i januar, med oppgåveinnlevering 5. januar, og muntleg 29. januar. Med andre ord:

- Hurra, eg har endeleg levert frå meg oppgåva!

- Pokker, no er det til med ny eksamenslesing.

- Hurra, eg har over tre veker på meg til å berre konsentrera meg om muntlegeksamenen!

- Pokker, det vart ingen juleferie.

Det siste er sjølvsagt ei overdriving. Eg har hatt eit langt og fint opphald i gamlelandet, og har storkost meg i jula. Eg har aldri sett så stor pris på å vera heime før, noko som kanskje har ein samanheng med at eg bur i ein kjellar utan golv(belegg). Mamma har varta opp med deilig julemat og vaffelkos på løpande bånd, og eg har også vore innom storbyen Bergen ved fleire anledningar og treft gamle og nye kjente. Og sjølv om det var skriving i heile desember, føler eg at eg fekk slappa av med ein kopp te i sofaen på Vaksdal ved mange anledningar. Eg fekk til og med tid til fleire turar i oppoverbakke, noko det er mangelvare på her, bortsett frå når eg aukar hellinga på tredemølla (noko eg fann ut, etter ein tur med pappa, at eg bør gjera mykje oftare).

Framover er skal eg, som sagt, lesa til eksamen i retorikkhistorie. Og når eg er ferdig med det, kjem eg til å gå på butikken og spørja etter eit par banankassar, og leiga ein bil. Ved månadsskiftet flyttar nemleg eg og Marthe inn i ein dejlig to-roms i Sydhavnen, i eit ekte borettslag. Her er det vaktmeister, stor bakgård, festlege arrangement og ikkje minst eige bredbåndsudvalg. Eg gler meg som ein liten unge til å skikkelig kjøkken (med gasskomfyr!), store vindauger, ein liten hageflekk og ikkje minst litt meir privatliv enn eg føler eg har her. Marthe ringte meg også i dag og kunne fortelja om følgjande samtale med venninna hennar, som har budd her ei stund:

(V.t.M = Venninna til Marthe)

V.t.M: Har dere bord på kjøkkenet?

Marthe: Ja…?

V.t.M: Luksus!!!

Så her er det altså all grunn til å smila, planta eit par urter i hagen og gle seg over ei lys framtid i Kongens by. Og til alle dykk der ute i dei tusen heimar: Godt nytt år, og takk for det gamle!

3 Comments »

I Danmark

Retorikk, personlig August 22nd, 2008

Ja, det er berre å innsjå det og komma seg vidare - dette kjem nok aldri til å bli den fine, smale retorikkbloggen eg hadde tenkt. Så då er det vel like greit å begynna å misbruka den med det same.

Så la meg bli personleg:

Eg har flytta til København (i går), og skal etter planen vera her i to år. For å studera retorikk (så posten er med andre ord litt relevant).

Dette har skjedd:

På flyet i går tidleg hadde eg nok eit anfall av mild flyskrekk. Eg fekk det for meg i innflyginga at me kom til å landa i vatnet, før eg (som sist, eg hadde berre gløymt det) innsåg at flyplassen rett og slett berre ligg nesten like i havgapet. Det er sånn «hav… Hav… Flystripe!».

Elles var flyturen kjempefin. Sjølv om eg ikkje hadde bestilt plass (som koster ekstra hos Sterling), fekk eg sete ved vindauge, og då det var ganske fint vær store deler av vegen såg eg blant anna Kristiansand langt der nede. Det er alltid moro å sjå ting i fugleperspektiv. Biler og hus ser gjerne litt leiketøysaktige ut.

Då eg kom fram til Kastrup var det berre å ta beina fatt. I staden for å ta buss tok eg metro og gjekk litt lengre (synest ofte det er meir stress med buss, særlig når du har ein svær koffert og to sekkar på til saman ca. 45 kg å bera på). Men, sjølv om metroen gjekk fort og det var praktisk i begynnelsen, var det litt av ein tur frå stasjonen (som ligg eit lite stykke unna). Så kanskje eg burde tatt buss likevel. Dette vil nok for framtida vera usikkert, fram kom eg i alle fall. Og vel framme fekk eg vita at vasken på badet ikkje var skrudd opp, slik det var lova. Dette virka som eit mindre problem, heilt til eg innsåg at einaste vasskjelda var dusjen (ja, eg pussa tenna i dusjen i dag tidleg). Heldigvis var den skrudd opp då eg kom tilbake frå ekspedisjonen min i dag.

Ellers fekk eg personnummer i går (dansk cpr-nummer). Det gjekk som ein draum, eg møtte berre opp på Borgerservice-kontoret, viste pass og husleigekontrakt til ei relativt sliten kommunedame (ho sukka veldig tungt, og smilte ikkje), og fekk både personnummer og lege (kunne velja mellom kvinneleg og mannleg) på rappen. Effektivt! Dette fører meg vidare til dagens bragd - nemleg å opna bankkonto. Mannen i banken hadde tydeligvis aldri opna konto for ein norske som akkurat har flytta til Danmark før, men han klarte det til slutt, med god hjelp frå Anne Sofie ved nabopulten.

Men det finaste av alt er at eg har kjøpt sykkel i dag! Eg fekk anbefala ein sykkelbutikk av dei eg bur hjå, og dei Carsten, som solgte meg ein danskprodusert Winther 500 Granny (!) med tre gir. Cykelen kan du sjå her.

Sjølv med ein så fin sykkel er eg mildt sagt livredd for å kasta meg ut i den købenske trafikken. «Alle» sykler, og dei sykler fort! Og det er tydeligvis lov å svinga til høgre sjølv om det er grønn mann i fotgjengerfeltet til høgre (sjå betre forklaring her), så då må ein både passa seg for eventuelle bilar som svinger den vegen, fotgjengarar og syklistar bak deg. Eg synest det var skummelt å sykla i Bergen, så eg er spent på korleis det går no. Men, eg har hjelm, og eg har sykkelen, så no er det ingen veg tilbake. Sykkelen vil blant anna spara meg mykje tid på skulevegen.

Så! Kort oppsummert er det fint her - rommet mitt er kjempefint, og sjølv om eg kan tøyla begeistringa for resten av denne merkelege kjellarinstallasjonen, så blir det sikkert heilt greit etter kvart. I dag har eg vore framsynt nok til å kjøpa frokost til morgondagen, så då vil eg kanskje få endå litt meir kjensle av å bu her, og ikkje berre vera på besøk. Mandag begynner skulen, og det gler eg meg til. Så får me sjå om det vert meir catbloging (eller i mitt tilfelle cykelbloging) etter kvart. No skal eg sjå Juno.

1 Comment »

Argumentasjon

Medievitskap, Retorikk March 18th, 2008

Wikipedia: Argumentasjon betegner grunngivning (i form av et eller flere argument) av påstander (standpunkt) i den hensikt å overtale og overbevise andre.

Kva er eigentleg argumentasjon? Definisjonen over minner mykje om ein definisjon av retorikk. Og desse har då også svært mykje med kvarandre å gjera. Ein av dei leiande skikkelsane innan argumentasjonsteori, filosofen Stephen Toulmin, meinte at syllogismen, som er den logiske standarden for argumentasjon, ikkje kan og ikkje bør brukast innan tema som gjeld menneskelege forhold (human affairs). Dette er fordi syllogismen på grunnlag av premissane kjem fram til ein konklusjon, ein sannhet, noko som ikkje er mogleg til dømes i politiske saker.

Eg skal koma tilbake til Toulmin sin modell for argumentasjon seinare, men vil først stikka innom Aristoteles og hans enthymém, ofte kalla retorisk syllogisme. I motsetnad til syllogismen, som trekkjer ein konklusjon ut frå sanne premissar, byggjer enthymemet på usikre premissar som til dømes meiningar og antakelsar, og fører fram til sannsynlege konklusjonar. Det finns ingen fasitsvar på om Noreg skal bli med i EU eller ikkje, men både du og eg kan like fullt argumentera for vårt syn. Det seier seg sjølv at dette ville vera vanskeleg etter ein streng logisk standard, der sannhet står sentralt. Sanne premissar fører til ein sann konklusjon.

Nettopp dette, at det meste av menneskelege argumentasjon ikkje bryr seg med kva som er sant og ikkje, er mykje av grunnlaget for moderne argumentasjonsteori. I tillegg er syllogisme-læra kritisert for å ikkje skildra korleis menneske faktisk diskuterer, sett vekk frå vitenskapleg argumentasjon. (Det er sjølvsagt også nokon som meiner at alle formar for forsøk på å systematisera og skjematisk framstilla argumentasjon forstyrrer den naturlege menneskelege prosessen argumentasjon er.)

Comments Off

Dagens retoriske figur: Antimetabolé

Nerding, Retorikk February 28th, 2008

Dagens retoriske figur er inspirert av min retoriske reklamevenn Rolf. For å forstå inspirasjonen bør du lesa heile innlegget, men er du vidarekommen kan du byrja nederst, der poenget er. Eg har pusta støvet av praktverket Retorisk leksikon av Tormod Eide, og den gir meg følgjande forklaring på antimetabolé:

Figur som innebærer at et utsagn snus om ved at to begreper gjentas i khiastisk ordning samtidig som deres syntaktiske funksjoner gjensidig byttes om («spise for å leve, ikke leve for å spise»).

Her må me først ta ein titt på Khiasme:

Ordstillingsfigur som innebærer at (syntaktisk eller semantisk) motsvarende ledd kommer igjen i omvendt rekkefølge, «kryss-stilling», etter mønsteret a-b-b-a.

Døme på antimetabolé (som altså også inneheld ein khiasme):
Våren 2007 tok eg faget Retorikk i litteratur og rett, eit av spesialiseringsfaga innan retorikkprogrammet ved UiB. I presentasjonen av faget (ikkje den du finn på nettsidene, ansette ved litteraturvitenskap er glade i å dele ut ark i staden for å gjera dei tilgjengeleg på nett, og ikkje minst har dei ein hang til overheadmaskiner) kan ein lesa at

Hovedfokus vil rettes mot «retten i litteraturen og litteraturens rett».

Liknande formuleringar var det mange av i faget, blant anna i ein av pensumtekstane, eit essay av professor Arild Linneberg. I teksten Domstalen som genre: Tilfellet Birgitte Tengs og litteraturkritikken (som forresten er ein god tekst som bør lesast) finn me følgjande mellomoverskrifter: (utheving gjort av meg)

Dommernes dårlige dikting: Tilfellet Birgitte Tengs

og

Diktingas dårlige dommere

Eller som Retoriske Rolf ville sagt det:

Arild Linnebergs antimetabole og antimetabolens Arild Linneberg.

Under: Dette har ingenting med Arild Linneberg å gjera, men er ein illustrasjon av antimetabolen frå Unfrozen Caveman Rhetorician

Antimetabolé

Comments Off

Dagens retoriske figur 2

Nerding, Retorikk February 27th, 2008

I dag prøver eg meg på ein figur eg er litt usikker på, nemleg katakrese. Katakrese (eng. catachresis) er

The use of a word in a context that differs from its proper application.

Eg veit ikkje om eg dreg det for langt når eg bruker samansette ord, men noko eg seier titt og ofte når det gjeld mat er

Dritgodt.

Når eg skal skildra estetiske herlegheiter brukar eg ofte

Dødsfint.

Kan dette gå som brukbart døme på katakrese tru? Eg trur eg lyt blåsa støvet av mitt retoriske leksikon.

Comments Off

Dagens retoriske figur

Nerding, Retorikk February 26th, 2008

For å prøva å læra meg betre ulike retoriske tropar og figurar, vil eg prøva å koma med sjølvopplevde døme på dei. Så mange eg klarer. Det er vanvittig mange å ta fatt i, så her er det berre å setja i gong:

Eg byrjar enkelt, og kjører på med to figurar i same døme, nemleg alliterasjon og antitese.
Alliterasjon er

Repetition of the same letter or sound within nearby words. Most often, repeated initial consonants.

Altså, i dei fleste tilfelle, ord som begynner med same bokstav (hald deg fast, dømet kjem nedanfor).

Antitese er

Juxtaposition of contrasting words or ideas (often, although not always, in parallel structure).

Med andre ord, slik eg har forstått det - sidestilling av to motsetnader.

Kontekst:
Tidlegare NSU-leiar i Bergen, Hermund Furu, kjem med følgjande kommentar i eit intervju med Bergen Student-TV om barnehagedekning for studentar (sitert frå husken).

I stedet for å gjøre barnehagene billigere og bedre, så blir de nå dyrere og dårligere.

Bra, Hermund!

No Comments »

Kva er retorikk? 2

Retorikk September 24th, 2007

The Foolish Dictionary har denne fine definisjonen av retorikk;

“Language in a dress suit.”

Deilig.

No Comments »

Kva er retorikk?

Retorikk September 20th, 2007

“Rhetoric is the study of effective speaking and writing. And the art of persuasion. And many other things.”

Denne begynnande definisjonen på retorikk er å finna på Silva Rhetoricae, Retorikkens Skog, som er ei svært innhaldsrik side på temaet frå Brigham Young University. Etter å ha studert retorikk (rett nok i tillegg til medievitskap) i 2,5 år, har eg fortsatt store problem med å fortelja folk kva retorikk er. Retorikken er vanskeleg å definera, men mange har sine syn på det, og her skal eg prøva å presentera nokre av dei.

I staden for å byrja med Aristoteles, som kanskje ville vera det naturlege å gjera, byrjar eg med den definisjonen eg først møtte då eg byrja på emnet RET101 (Allmenn og praktisk retorikk). Fagansvarleg var Jens Kjeldsen, og han gav oss si eiga arbeidsdefinisjon på retorikk (Kjeldsen 2004:23);

Retorikk er formålstjenelig kommunikasjon.

Wikipedia har denne;

Rhetoric (from Greek ῥήτωρ, rhêtôr, orator, teacher) is generally understood to be the art or technique of persuasion through the use of oral or written language; however, this definition of rhetoric has expanded greatly since rhetoric emerged as a field of study in universities. In this sense, there is a divide between classical rhetoric (with the aforementioned definition) and contemporary practices of rhetoric which include the analysis of written and visual texts.

(To be continued)

28.02.2008:
(Retting til posten på bakgrunn av kommentar: Kjeldsen seier i Retorikk i vår tid at «Retorikk er hensiktsmessig og virkningsfull kommunikasjon». (2008:22) Sitatet i denne posten er med andre ord feil og eit resultat av at det gjekk litt fort i svingane.)

2 Comments »