Smil til dansken, og dansken smilar til deg

Ting og Tang, danmark, personlig April 18th, 2009

- Om motvind, og viktigheten av sykkelstativ

Etter å ha studert den danske kulturen ei stund, vil eg seia at det er ein god del skilnader på nordmenn og danskar.  Men skilnadane stemmer ikkje særskildt bra overeins med fordommane mine.  Det vil seia, eg har fått nye. Danskan er ikkje nødvendigvis den joviale, øldrikkande og pølsespisande moroklumpen eg før såg for meg. Det vil seia - eg har møtt mange joviale og øldrikkande danskmend, men talet på individ med slike trekk er ikkje større enn hos norskane. Danskane kan rett og slett vera skikkelig vanskelig å komma innpå, men dette bunnar ofte, i alle fall i mitt tilfelle, i at dei ikkje forstår eit ord av det du seier. Ganske likt oss kalde nordmenn, altså.

Men det er ein viktig skilnad. Dette la eg merke til då eg kom tilbake etter førre norgesturné, og gjekk ut for å handla mat i strålande vér etter tilbakekomsten. For - kvar eg enn gjekk, var det folk som smilte til meg.  Smil til dansken, og dansken smilar til deg. Dette gjeld sjølvsagt ikkje servicepersonar. Dama i kassen var like sur denne dagen som butikkpersonale flest her er. Men kjæresteparet eg nesten gjekk på grunna den blendande sola, den fulle mannen som måtte flytta den andre fulle mannen for at eg skulle komma meg forbi dei, dama som var på søndagstur og hadde med seg ein umogleg unge - dei smilte alle. Og dei smilte til meg.

Eg seier ikkje at alle danskar smilar og at alle nordmenn er sure. Men smil til ukjente, der ukjente er meg, er definitivt meir vanlig her andre stadar eg har budd, ei erfaring som for det meste strekk seg til det norske vestlandet. Gudane må vita kvifor dei smiler så mykje, men eg har, ufrivillig, litt problem med å forhalda meg til det. Eg er ikkje vant til å smila utan grunn. Eg smilar som oftast tilbake til dei som smiler til meg, men føler ofte det blir litt tilgjort og rart.

Smiling er nok ei treningssak. I likheit med sykling.

For - etter ein innkjøringperiode på fleire månader, tør eg no endeleg å sykla over heile byen. For den erfarne syklar verkar nok ikkje dette som nokon stor bragd, men for meg har det vore ein lang prosess. Endelig kan eg sykla på nye stadar utan å ha hjarta i halsen i redsel for å bryta ein eller annan uskriven trafikk- og/eller sykkelregel.

Og sykling har, her som det er lagt så godt til rette for det, heilt klart sine fordelar. Danskane syklar ikkje berre for å vera stilige og kontinentale. Der eg budde før tok det 12-16 minutt å sykla til skulen, mot rundt 30 minutt med buss. Å gå tok rundt ein time, så valet var lett. Der eg bur no tek det meg 17-20 minutt å sykla, og minst ein halvtime med tog/buss/metro. Gange er uaktuelt med mindre det er snakk om søndagstur.

Og her kjem me til poenget. Når eg opererer med køyretidene 12-16 og 17-20 minutt, er ikkje det tilfeldig. Køyretida varierer nemleg frå dag til dag. Og då tenker eg ikkje på at den varierer med dagsformen. Køyretida varierer dramatisk i forhold til vindretning og -hastigheit. Motvind er ikkje noko eg har tenkt særleg over tidlegare i livet. Motvind er noko sjømenn og folk som har ein overdriven glede av å bruka metaforar pratar om. Danmark er flatt, og derfor går det som ein vind å sykla. Men altså ikkje i motvind. Det er svært få oppoverbakkar i København, og dei som er her er ikkje særleg bratte. Men det skjer titt og ofte at det dukkar opp usynlege motbakkar som senkar tempoet betrakteleg.

Eg har sykla mykje meir i oppoverbakke etter at eg flytta til Danmark.

Vind, som det altså er ein del av her i landet, har fleire konsekvensar for den glade syklist. For meg har vinden kosta dyrt, nærare bestemt i form av innkjøp av nytt kulelager. Dette er landet med dei tusen syklar, men diverre berre rundt fem hundre sykkelstativ. Det vil seia - det er endeleg nok av sykkelstativ, dei er berre ikkje alltid der du har bruk for dei. Ein sykkel har ein relativt tung kropp, og kun ein metallpinne til å halda seg oppreist når den står i ro. Eit par gode vindpust, og den står ikkje lengre oppreist. I mitt tilfelle har dette betydd ei litt skeiv korg, og altså nytt kulelager. Då trøene løsna og byrja å svinga litt frå side til side ein dag på veg til skulen, tenkte eg at ein umbraconøkkel nok ville fiksa biffen. Ved nærare ettersyn såg eg at problemet kravde verktøy eg ikkje hadde. Eg gjekk til sykkelmannen på hjørnet, stolte blindt på ekspertvurderinga hans, som sa at verken smøring eller skruing ville fungera, og køyrer no rundt på ein glad sykkel. Då eg henta sykkelen etter operasjonen spurte eg reparatøren, som ikkje var spesielt god i dansk og ikkje forstod eit ord norsk, kva eg måtte gjera for å unngå at dette skulle skje igjen. Etter mange gjentakingar av spørsmålet og peiking skjønte han endeleg kva eg meinte.

«Ikke sånn», sa han, og simulerte eit sykkelfall til høgre side.

No parkerar eg nødig viss eg ikkje finn eit sykkelstativ.
Comments Off

Snø og Cola

Ting og Tang, danmark, personlig, syting November 24th, 2008

Det snør altså her i Danmark. Ja, det er heilt sant. Sjølv om eg har flytta sørover er det kaldt og surt, og i dag tidleg måtte eg skrapa sykkelsetet for rim. Men då er det fint å vera inne! (Særleg etter at du har vore ute)

Laurdag var eg ute på ein liten sykkeltur, berre for å bli stoppa av ein enorm Colabil. Ein slik du ser i reklamen - ein trailer med julelys rundt alle kantane. Med folketog framfor seg og fullstendig kaos på fortaua ved sida, snigla sjølve symbolet på kapitalismen seg framover i eit tempo som kunne få dei mest bedagelege rulatorbrukarar til å stampa med foten. Så det fekk meg til å lura på kva danskane eigentleg driv med. Er det ikkje litt tidleg? For det var nemleg juleopptog i Amagerbrogade - 22. november.

Liten og stor var ute for å markera tenninga av julepynten som dinglar over gata (som eg personleg synest er forferdelig stygg), det var sal av gløgg og eg er sikker på at eg kunne lukta brente mandlar i det fjerne (men det sel dei for så vidt i Strøget heile året, så eg er usikker på kor julete det eigentleg er).

Eg kom meg forbi til slutt, og fekk gjort ærendet mitt, men det tok særdeles lang tid, og eg må innrømma at eg rett og slett vart litt irritert over heile greia.

Er eg ein norsk grinebitar? Har eg ein grusom dobbeltmoral, sidan eg skal på juleverkstad hos Anette i morgon?

Eg vil tru dette innlegget er eit av mange tusen rundt denne tida som klagar på at julepynt og -kaker og -brus er i gater og butikkar alt for tidlig. Men eg meiner det likevel.

4 Comments »

First meal!

Ting og Tang, personlig September 3rd, 2008

I forgårs, mandag, mekka eg mitt første måltid som innebar meir tillaging enn berre steiking eller koking. Dette er jo i og for seg ikkje så uvanleg, det er berre det kjøkkenfasilitetane ikkje har inbydd til dei heilt store utskeiingane endå.

Men eg kan ikkje leva på ferdigmat til evig tid (som forresten er skikkelig billig her), så då er det berre å bita det i seg og koka i veg.

Heile 4 ingrediensar var med på prosjektet; spaghetti, bacon, blåmuggost og fløte(erstatning) (Eg trudde det var vanleg fløte). I tillegg kom salt og pepper.

Under ser du bilete frå prosessen. Den noko tvilsame biletkomposisjonen på det første er for å illustrera at det er omgjevnadane, og ikkje komfyren «Voss», eg er litt tvilsam til.

Kjøkken

Mmm, bacon…

Bacon

Og tada! Resultatet. Det smakte særdeles godt med noko heimelaga!

Resultatet

8 Comments »

Sykkelen min

Ting og Tang, personlig August 28th, 2008

Granny500

Slik ser den altså ut, min Winther 500 granny. Den går som ei kule, og etter at eg pilla av plastbelegget på framlykta, virkar den også.

4 Comments »

Bloggen min

Ting og Tang September 11th, 2007

Eg har no starta min eigen blogg, og er eigentleg litt usikker på kva eg skal gjera med den. Det er mange sider som kan fortelja deg how to blog, og noko av det viktigaste ser ut til å vera det å faktisk ha noko å skriva. Det skal eg jobba litt med. I tillegg er det kjempemange ting eg har lyst til å gjera med bloggen reint visuelt, som til dømes å putte inn ein Flickr badge, men sidan eg er utrulig dårlig til å koda får det vel venta.

Nokon har kviskra meg i øyret at blogg kan vera eit fint læringsverktøy, og det nettopp derfor eg har oppretta denne bloggen. Eg har nettopp begynt på master i medievitskap, og vil gjerne skriva ei oppgåve om eitt eller anna som har med retorikk og nye mediar (les:internett) å gjera. Så kanskje dette kan vera til hjelp.

Først og framst må eg sjølvsagt passa på at ingen eg kjenner dumpar innom denne bloggen før den faktisk ha fått eit innhald. Så viss du veit kven eg er - kom tilbake seinare!

Datanerd

No Comments »

Verktøy

Ting og Tang September 10th, 2007

Denne sida er mitt verktøy i søken på viten.

No Comments »