Snø og Cola
Ting og Tang, danmark, personlig, syting November 24th, 2008Det snør altså her i Danmark. Ja, det er heilt sant. Sjølv om eg har flytta sørover er det kaldt og surt, og i dag tidleg måtte eg skrapa sykkelsetet for rim. Men då er det fint å vera inne! (Særleg etter at du har vore ute)
Laurdag var eg ute på ein liten sykkeltur, berre for å bli stoppa av ein enorm Colabil. Ein slik du ser i reklamen - ein trailer med julelys rundt alle kantane. Med folketog framfor seg og fullstendig kaos på fortaua ved sida, snigla sjølve symbolet på kapitalismen seg framover i eit tempo som kunne få dei mest bedagelege rulatorbrukarar til å stampa med foten. Så det fekk meg til å lura på kva danskane eigentleg driv med. Er det ikkje litt tidleg? For det var nemleg juleopptog i Amagerbrogade - 22. november.
Liten og stor var ute for å markera tenninga av julepynten som dinglar over gata (som eg personleg synest er forferdelig stygg), det var sal av gløgg og eg er sikker på at eg kunne lukta brente mandlar i det fjerne (men det sel dei for så vidt i Strøget heile året, så eg er usikker på kor julete det eigentleg er).
Eg kom meg forbi til slutt, og fekk gjort ærendet mitt, men det tok særdeles lang tid, og eg må innrømma at eg rett og slett vart litt irritert over heile greia.
Er eg ein norsk grinebitar? Har eg ein grusom dobbeltmoral, sidan eg skal på juleverkstad hos Anette i morgon?
Eg vil tru dette innlegget er eit av mange tusen rundt denne tida som klagar på at julepynt og -kaker og -brus er i gater og butikkar alt for tidlig. Men eg meiner det likevel.