Hagebrann og kalk
personlig August 28th, 2008No har eg vore her ei veke (nesten på timen), og begynner å finna meg til rette. Eg har fått tak i ein del av dei mest nødvendige tinga - vasskokar, eit par gryter, diverse kjøkkenreiskapar og dørmatte. Dørmatta gjer at eg slepp å dra all skiten (støvet) frå gongen, der er det nemleg betonggolv, og eg har verken støvsugar eller skikkeleg kost.
Eg kan ikkje skryta av at eg har gjort så mykje i løpet av denne veka, dei første dagane var nok absolutt dei mest effektive. Men eg har gjort meg litt kjent rundt her ved å sykla litt rundt, og eg har vore på eit ukjent tal handleturar for å få tak i dei huslege artiklane. I tillegg var eg og Jonas på informasjonsmøte mandag, og studiet verkar framleis veldig bra (gler meg til det begynner om ei vekes tid).
Ingrid Pingrid, som eg kjenner frå BSTV (Bergen Student-TV), kom tirsdag ettermiddag, så torsdag kveld møtte eg ho og nokre venner av ho for ein øl. I kveld skal me på Rust, som visst nok er litt Kvarteret-aktig, gler meg til det!
Hagebrann og kalk, heiter det i den lokkande overskrifta. For å ta det første først, så gjorde eg ei ganske uventa oppdaging laurdag føremiddag. Huseigaren her er nemleg tidlegare stuntmann. Dette kom som ei stor overrasking, det er nemleg svært lite stuntmannaktig ved han.
Dette skjedde: Eg sat og surfa på nettet med vindauget ope (noko eg gjer ein del), og høyrde ein del skråling frå hagen. Eg tenkte ikkje noko vidare på det før kona i huset kom ned og inviterte meg opp for å sjå mannen tenna fyr på ein brudgom. Dette var jo eit tilbod eg ikkje kunne la gå frå meg, og det viste seg at han tilbyr dette til utdrikkingslag som vil ha noko litt utanom det vanlege (eg har i alle fall ikkje høyrt om det før, så veldig vanleg kan det neppe vera). Gjennom vindauget kunne eg saman med kone og barn (vesle Carl Gustav, som spring fram og tilbake over golvet nesten konstant i sine våkne timar) sjå det heile - brudgommen vart smurt inn med brennbart stoff, sett fyr på og til slutt slokka med pulverapparat. Hovudpersonen sjølv såg ganske nervøs ut, men det var nok mest skrekkblanda fryd å spora.
Når det gjeld kalk, så er ikkje det noko nytt. Kalken i vatnet gir fett hår, ekkel te og drikkevatn som ikkje smakar særleg godt. Nytt for meg er grunnen - Lars Tore fann nemleg kjapt ut at grunnen er anten at vatnet er for surt eller har for høgt innhald av aluminium. Kalken hevar ph-verdien «Tilsetting av kalk hever pH-verdien ofte godt over 6,0, noe som også fører til at aluminium mister sin giftighet» (Store norske leksikon). Så då skal eg tola litt kalk!
Til slutt slenger eg med eit par bilete av kåken. Rom, kjøkken/bad og gang med komfyr.


