Vagtelæg
danmark, personlig October 30th, 2008Ja, her i EU har ein gjerne eit litt meir spenstig utval i daglegvarebutikken enn i resten av Norden. I dag var eg ein tur innom Føtex for å sjå om dei hadde sykkellykt, og det hadde dei. Dette var ikkje overraskande i seg sjølv, då Føtex er ein butikk med all verdas saker og ting, kanskje slått i breidde av Kvickly, som ikkje berre har sykkellykt men også syklar mellom melk og egg.
Og det var egg eg gjerne ville seia nokre ord om. Sidan Føtex ikkje er den butikken eg brukar mest, blant anna fordi den stadig har «fødselsdagssalg» med tilhøyrande fantastiske tilbod og enorme køar, tok eg ein runde i matavdelinga. Eg fann middag for dei to neste dagane, ein type te eg har leita etter - og vagtelæg. Dette har eg aldri sett i Noreg. No skjønnar eg at det eg fekk servert i det vesle tehuset i Kina ikkje er så eksotisk som eg trudde.
Så er det berre meg, eller er dette litt uvanleg for oss nordmenn? Er dette noko ein brukar i vaflar og liknande? Eit enkelt Google-søk viser at det er mykje rart ein kan bruka det til - f. eks Vagtelæg med pinjekerner, røget laks med vagtelæg og citroncreme eller rett og slett som pynt på salat.
Vaktelen, eller Common Quail som den heiter på engelsk, er ein heilt ukjent bidragsytar i mitt kosthald. Assosiasjonane dei gir meg, til små søte egg i små søte reir i skogen, seier meg at slik vil det fortsetja å vera ei god stund framover.
Edit: Eg ser at med biletet eg har vald ser egga skikkelig store ut, men det er ein grov illusjon. Dei er bittesmå. Sjå her for ei samanlikning.