Vinter 2008-2009
Retorikk, danmark, personlig January 6th, 2009Her i Danmark har ein “vintereksamen”. Kva er vintereksamen, spør du? Det er eksamen for haustsemesteret, svarar eg.
Og med eit semester som går frå september t.o.m. januar, er det ikkje sjølvsagt at eksamen er før jul. Alt i desember og januar ser ut til å vera plausible tidspunkt for levering av oppgåver, coladrikking og skrivekrampe på skriftlig, og hyppig vannlating og håndskjelving på muntlig.
I mitt tilfelle hamna begge eksamenane i januar, med oppgåveinnlevering 5. januar, og muntleg 29. januar. Med andre ord:
- Hurra, eg har endeleg levert frå meg oppgåva!
- Pokker, no er det til med ny eksamenslesing.
- Hurra, eg har over tre veker på meg til å berre konsentrera meg om muntlegeksamenen!
- Pokker, det vart ingen juleferie.
Det siste er sjølvsagt ei overdriving. Eg har hatt eit langt og fint opphald i gamlelandet, og har storkost meg i jula. Eg har aldri sett så stor pris på å vera heime før, noko som kanskje har ein samanheng med at eg bur i ein kjellar utan golv(belegg). Mamma har varta opp med deilig julemat og vaffelkos på løpande bånd, og eg har også vore innom storbyen Bergen ved fleire anledningar og treft gamle og nye kjente. Og sjølv om det var skriving i heile desember, føler eg at eg fekk slappa av med ein kopp te i sofaen på Vaksdal ved mange anledningar. Eg fekk til og med tid til fleire turar i oppoverbakke, noko det er mangelvare på her, bortsett frå når eg aukar hellinga på tredemølla (noko eg fann ut, etter ein tur med pappa, at eg bør gjera mykje oftare).
Framover er skal eg, som sagt, lesa til eksamen i retorikkhistorie. Og når eg er ferdig med det, kjem eg til å gå på butikken og spørja etter eit par banankassar, og leiga ein bil. Ved månadsskiftet flyttar nemleg eg og Marthe inn i ein dejlig to-roms i Sydhavnen, i eit ekte borettslag. Her er det vaktmeister, stor bakgård, festlege arrangement og ikkje minst eige bredbåndsudvalg. Eg gler meg som ein liten unge til å skikkelig kjøkken (med gasskomfyr!), store vindauger, ein liten hageflekk og ikkje minst litt meir privatliv enn eg føler eg har her. Marthe ringte meg også i dag og kunne fortelja om følgjande samtale med venninna hennar, som har budd her ei stund:
(V.t.M = Venninna til Marthe)
V.t.M: Har dere bord på kjøkkenet?
Marthe: Ja…?
V.t.M: Luksus!!!
Så her er det altså all grunn til å smila, planta eit par urter i hagen og gle seg over ei lys framtid i Kongens by. Og til alle dykk der ute i dei tusen heimar: Godt nytt år, og takk for det gamle!