Kva er retorikk?
Retorikk September 20th, 2007“Rhetoric is the study of effective speaking and writing. And the art of persuasion. And many other things.”
Denne begynnande definisjonen på retorikk er å finna på Silva Rhetoricae, Retorikkens Skog, som er ei svært innhaldsrik side på temaet frå Brigham Young University. Etter å ha studert retorikk (rett nok i tillegg til medievitskap) i 2,5 år, har eg fortsatt store problem med å fortelja folk kva retorikk er. Retorikken er vanskeleg å definera, men mange har sine syn på det, og her skal eg prøva å presentera nokre av dei.
I staden for å byrja med Aristoteles, som kanskje ville vera det naturlege å gjera, byrjar eg med den definisjonen eg først møtte då eg byrja på emnet RET101 (Allmenn og praktisk retorikk). Fagansvarleg var Jens Kjeldsen, og han gav oss si eiga arbeidsdefinisjon på retorikk (Kjeldsen 2004:23);
Retorikk er formålstjenelig kommunikasjon.
Wikipedia har denne;
Rhetoric (from Greek ῥήτωρ, rhêtôr, orator, teacher) is generally understood to be the art or technique of persuasion through the use of oral or written language; however, this definition of rhetoric has expanded greatly since rhetoric emerged as a field of study in universities. In this sense, there is a divide between classical rhetoric (with the aforementioned definition) and contemporary practices of rhetoric which include the analysis of written and visual texts.
(To be continued)
28.02.2008:
(Retting til posten på bakgrunn av kommentar: Kjeldsen seier i Retorikk i vår tid at «Retorikk er hensiktsmessig og virkningsfull kommunikasjon». (2008:22) Sitatet i denne posten er med andre ord feil og eit resultat av at det gjekk litt fort i svingane.)
September 30th, 2007 at 10:08 am
Aristoteles:
“kunsten å trekke ut den rette grad av overbevisning av ethvert emne” eller
“evnen til spekulativt å avdekke det som i ethvert tilfelle kan være egnet til å overbevise”
Og for Jens Kjeldsens funkis-sitat, har jeg en parering fra Baudrillard:
“Every thing claims to be functional, just like every regime claims to be a democracy” (feh).
Kom igjen, Jens: Vis meg en tekst som er skrevet formålsløst.
Selv vil jeg påstå at retorikk er “forsøket på å forbedre kommunikasjonen gjennom kunnskap.” Men den fant jeg på akkurat nå.
October 2nd, 2007 at 9:11 am
Ja, eg var kanskje litt kjapp med å slenge ut det som nok er ein begynnande definisjon frå programansvarleg for BA retorikk der.
Frå ein fagpresentasjon i Atrium (nr. 3, 2004) kan eg lesa dette sitatet av Kjeldsen:
«Praktisk retorikk er hensiktsmessig og virkningsfull kommunikasjon»
Same arbeidsdefinisjonen finn eg på PP-presentasjonen av den aller første (nostalgia) retorikkforelesninga eg hadde -
«Her forstår vi retorikk som…
”Hensiktsbestemt og virkningsfull kommunikasjon”»
(Jens Kjeldsen, jan 2004)
Så!
Sjølv om ein tekst er skriven med eit formål, er det vel ikkje sikkert den oppnår dette? “Resultatet” av retoriske ytringar er jo vel så viktig her - har ytringa lukkast med å bevege nokon? Overbevise? Overtale?
Så der er me vel alle einige med Baudrillard?