Ja, det er berre å innsjå det og komma seg vidare - dette kjem nok aldri til å bli den fine, smale retorikkbloggen eg hadde tenkt. Så då er det vel like greit å begynna å misbruka den med det same.

Så la meg bli personleg:

Eg har flytta til København (i går), og skal etter planen vera her i to år. For å studera retorikk (så posten er med andre ord litt relevant).

Dette har skjedd:

På flyet i går tidleg hadde eg nok eit anfall av mild flyskrekk. Eg fekk det for meg i innflyginga at me kom til å landa i vatnet, før eg (som sist, eg hadde berre gløymt det) innsåg at flyplassen rett og slett berre ligg nesten like i havgapet. Det er sånn «hav… Hav… Flystripe!».

Elles var flyturen kjempefin. Sjølv om eg ikkje hadde bestilt plass (som koster ekstra hos Sterling), fekk eg sete ved vindauge, og då det var ganske fint vær store deler av vegen såg eg blant anna Kristiansand langt der nede. Det er alltid moro å sjå ting i fugleperspektiv. Biler og hus ser gjerne litt leiketøysaktige ut.

Då eg kom fram til Kastrup var det berre å ta beina fatt. I staden for å ta buss tok eg metro og gjekk litt lengre (synest ofte det er meir stress med buss, særlig når du har ein svær koffert og to sekkar på til saman ca. 45 kg å bera på). Men, sjølv om metroen gjekk fort og det var praktisk i begynnelsen, var det litt av ein tur frå stasjonen (som ligg eit lite stykke unna). Så kanskje eg burde tatt buss likevel. Dette vil nok for framtida vera usikkert, fram kom eg i alle fall. Og vel framme fekk eg vita at vasken på badet ikkje var skrudd opp, slik det var lova. Dette virka som eit mindre problem, heilt til eg innsåg at einaste vasskjelda var dusjen (ja, eg pussa tenna i dusjen i dag tidleg). Heldigvis var den skrudd opp då eg kom tilbake frå ekspedisjonen min i dag.

Ellers fekk eg personnummer i går (dansk cpr-nummer). Det gjekk som ein draum, eg møtte berre opp på Borgerservice-kontoret, viste pass og husleigekontrakt til ei relativt sliten kommunedame (ho sukka veldig tungt, og smilte ikkje), og fekk både personnummer og lege (kunne velja mellom kvinneleg og mannleg) på rappen. Effektivt! Dette fører meg vidare til dagens bragd - nemleg å opna bankkonto. Mannen i banken hadde tydeligvis aldri opna konto for ein norske som akkurat har flytta til Danmark før, men han klarte det til slutt, med god hjelp frå Anne Sofie ved nabopulten.

Men det finaste av alt er at eg har kjøpt sykkel i dag! Eg fekk anbefala ein sykkelbutikk av dei eg bur hjå, og dei Carsten, som solgte meg ein danskprodusert Winther 500 Granny (!) med tre gir. Cykelen kan du sjå her.

Sjølv med ein så fin sykkel er eg mildt sagt livredd for å kasta meg ut i den købenske trafikken. «Alle» sykler, og dei sykler fort! Og det er tydeligvis lov å svinga til høgre sjølv om det er grønn mann i fotgjengerfeltet til høgre (sjå betre forklaring her), så då må ein både passa seg for eventuelle bilar som svinger den vegen, fotgjengarar og syklistar bak deg. Eg synest det var skummelt å sykla i Bergen, så eg er spent på korleis det går no. Men, eg har hjelm, og eg har sykkelen, så no er det ingen veg tilbake. Sykkelen vil blant anna spara meg mykje tid på skulevegen.

Så! Kort oppsummert er det fint her - rommet mitt er kjempefint, og sjølv om eg kan tøyla begeistringa for resten av denne merkelege kjellarinstallasjonen, så blir det sikkert heilt greit etter kvart. I dag har eg vore framsynt nok til å kjøpa frokost til morgondagen, så då vil eg kanskje få endå litt meir kjensle av å bu her, og ikkje berre vera på besøk. Mandag begynner skulen, og det gler eg meg til. Så får me sjå om det vert meir catbloging (eller i mitt tilfelle cykelbloging) etter kvart. No skal eg sjå Juno.