First meal!
Ting og Tang, personlig September 3rd, 2008I forgårs, mandag, mekka eg mitt første måltid som innebar meir tillaging enn berre steiking eller koking. Dette er jo i og for seg ikkje så uvanleg, det er berre det kjøkkenfasilitetane ikkje har inbydd til dei heilt store utskeiingane endå.
Men eg kan ikkje leva på ferdigmat til evig tid (som forresten er skikkelig billig her), så då er det berre å bita det i seg og koka i veg.
Heile 4 ingrediensar var med på prosjektet; spaghetti, bacon, blåmuggost og fløte(erstatning) (Eg trudde det var vanleg fløte). I tillegg kom salt og pepper.
Under ser du bilete frå prosessen. Den noko tvilsame biletkomposisjonen på det første er for å illustrera at det er omgjevnadane, og ikkje komfyren «Voss», eg er litt tvilsam til.

Mmm, bacon…

Og tada! Resultatet. Det smakte særdeles godt med noko heimelaga!

September 3rd, 2008 at 2:56 pm
Eg har spesielt sansen for restane av den vakre grønfargen på veggen.
Er det avløpet frå toalettet i etasjen over me ser? I så fall eit deileg mentalt krydder til middagen.
Sluttresultatet ser uansett upåklageleg ut.
September 3rd, 2008 at 3:02 pm
Ja, eg er ganske sikker på at den rennande lyden i røyret som kjem med jamne mellomrom har direkte forbindelse med sanitære aktivitetar. Eg vel å ikkje tenka så mykje på det.
September 4th, 2008 at 7:55 am
Jeg må innrømme jeg er mer fascinert over stolen som står oppå bordet bak komfyren - har den noen funksjon? Og sånn fløte erstatning er litt skremmende, men fint å ha på lur:) Hvordan er oste utvalget der nede i sivilisasjonen?
September 4th, 2008 at 8:31 am
Har også lurt på stolen, og det er eit mysterie. Reknar med eg kan bruka den når eg har gjest(er). Osten eg har smakt så langt er IKKJE god. Men eg har sett at dei har Jarlsberg på Rema. Så då er eg redda om eg ikkje finn noko;)
September 4th, 2008 at 8:31 am
edit: har altså berre prøvd dansk ost. Dei har veldig masse ost, eg berre tenkte eg skulle prøva å finna ein heilt vanleg kvardagsost.
September 5th, 2008 at 9:18 pm
Avstanden fra frys til komfyr til kloakk har aldri vært kortere. Praktisk!
September 7th, 2008 at 10:24 pm
Da me osten. Du har ikkje tenkt øve ordet Blåmuggost har du. :)? del da opp. blå, mugg, ost. kor lenge har ost stått om den e BLÅ av MUGG. :)? berre sett grønn innafor den fasn eg.
September 7th, 2008 at 10:29 pm
Ha ha ha. Du burde prøva å spisa litt andre ostar enn berre vanlig ost. Det ligg ein heil osteverden og berre ventar på deg!