I dag har eg budd her i ein månad. Det må feirast! Så langt har eg feira med rydding og oppvask, og sushi til middag!

Det går greit her, skulen har begynt, og faga eg tek, Den retoriske tradition og Retorisk medborgerskab, virkar så langt kjempebra. Eg har stort sett ingen problem med å forstå forelesarane, men mine delvis snøvlande danske medstudentar er det litt verre med. Christian Kock, som er forelesar i traditon og ein av to forelesarar i medborgerskab, sa på første forelesning (då han oppdaga at me var fire nordmenn i klassen) at alle måtte vera nøye med artikulasjonen når dei (me) snakka. Det sa han forresten rett etter at eg hadde sagt «Eg heite Linn, og har òg (Jonas presenterte seg før meg) studert rrrretorikk i Berrrgen». Hadde det ikkje vore nordmenn der hadde eg nok fordanska utsegnet mitt litt meir, men det blei plutselig kjempeflaut å skulle seia «jeg» og «også» når Jonas, Håvard og Vegard satt rett ved sidan av meg.

Tilbake til snøvlinga er det altså veldig stor forskjell på danskane, nesten så ein kan lura på korleis dei klarer å forstå hinanden. Eg var på Yoga på torsdag (jada, eg har meldt meg inn på Sats), og instruktøren var rett og slett veldig vanskeleg å skjønna. Det er mogleg den rolege musikken og den intense konsentrasjonen om å prøva å stå mest mogleg likt som dei andre spelte litt inn, men - denne dama var vanskeleg å forstå. Eg får kanskje byrja å høyra på dansk radio for å komma litt meir inn i det. Og sjølvsagt fortsetta å gå på yoga!

Bursdag

Fredag var det bursdagsfeiring. Den glade Vegard fylte 24 år i går (laurdag), men det blei altså feira med kaker og fest hos Jonas fredag. Under ser du bursdagsbarnet spretta den særdeles gode jordbærkaka. Den kjøpte eg på bakeriet på hjørnet, og du skal ikkje sjå vekk frå at det gjentek seg!

Vegard + kake = sant

I tillegg til Håvard, Jonas, Tine og meg var også Anette, som Jonas kjenner frå Hønefoss, gjest i gebursdagskalaset. Ho har ved eit par høver fungert som fadder for oss, og gjort ein strålande jobb. Ho stilte med sprudlande dråpar, og det var knytt stor entusiasme og spenning til opninga av flaska som hadde på førehand hadde fått seg ein sykkeltur gjennom Københavns gater.

Anette opnar musserande

Kvelden var kjempekjekk, og bursdagsbarnet var nøgd med oppvartinga han fekk.

Kristine

Eg har også hatt besøk sidan sist. For eit par veker sidan var Kristine her nokre dagar, før ho reiste til Sicilia med interrailbillett (som jo er Kristine i eit nøtteskal. Ho var ikkje heilt sikker på kvar ho skulle i løpet av den neste månaden, men ho skulle i alle fall stikka innom ein økologisk festival og jobba som frivillig).

Tilfeldigheitene gjorde at husvertane var på ferie, noko som gjorde at Kristine kunne låna sykkel. Ho viser seg, ikkje overraskande, å vera heilt motsett av meg når det gjeld sykling. Mens eg bevegar meg forsiktig fram i trafikken med hjartet i halsen (eg har rett nok blitt litt modigare i løpet av denne månaden), peiser Kristine gjennom kaoset utan å sjå seg tilbake. Eg måtte gjenta reglane om å halde ut handa når du svingar eit par gongar, og forskjellen mellom oss fekk meg til å føla meg omtrent 15 år eldre enn eg er. Men me kom heilskinna frå det begge to, og Kristine kurerte meg frå sentrumsskrekken! Sidan eg bur litt litt utanfor bykjerna og har alt eg treng her, syklar eg stort sett til skulen og tilbake. Men etter at eg har funne ut at det går jo heilt fint å sykla inn til sentrum (med hjelm!), sparar eg meg sjølv for både tid og pengar. Når eg skal dit går det utrulig mykje fortare enn å ta bussen, og eg føler meg også ganske flink der eg trakkar i veg. Eg fekk ein liten støkk forige onsdag, då eg skulle møta Tine for å gå på kino. Midt inn i sentrum var det ei jente som klaska i bakken etter å ha komme i klem mellom min sykkel (eg låg til høgre) og ein litt uoppmerksom mann på andre sida. Det var skikkelig skummelt, men det gjekk fint med ho. Mellom anna fordi ho hadde hjelm!

Tilbake til Kristine

Det var vel egentlig Kristine eg skulle snakka om i førre avsnitt, og då må eg jo fortelja at ho lagde den beste maten eg har smakt på komfyren «Voss». - Heimalaga tomatsuppe. Me hadde litt for lite tomatar, men det blei fantastisk godt. Bortsett frå å eta og sykla gjorde me egentlig ikkje så veldig mykje, bortsett frå å sjekka ut lesesalane i Den Sorte Diamant.

Kokken i auksjon

Tomatsuppe

Det var vel siste nytt i grunn. Skjer ikkje så mykje her. Men på tirsdag skal eg på Ikea! (Det er eit stykke unna, så eg slenger meg med huseigaren som har bil) No skal eg lesa gjennom Alexanderretorikken, sånn at eg har gjort leksene mine til i morgon. Ciao!