Om det er skadefryd eller skandale som har fått deg til å lesa dette innlegget er usikkert, men ein ting er sikkert:

Eg har skrudd saman mitt første IKEA-møbel av ein viss storleik.

Det dreiar seg om stolen “Pello” og stativet “Stativ” (takk for tipset, Anne Kari). Det heile gjekk føre seg i går og eg er ikkje så reint lite stolt. Det viser seg at eg kan når eg må, og no har eg både stol under baken og hengeplass til kleda (her er ikkje klesskap, og dette var ei enkel og billeg løysing).

Eg skal ikkje lata som om det gjekk smertefritt for seg å skru opp stativet, og eg er ganske sikker på at eg ville gitt opp dersom eg hadde hatt nokon som i nærleiken som kunne gjort det for meg (som pappa eller Ingelin). Men ingen av dei er spesielt nære (særleg ikkje Plingeling), så eg måtte “lesa” gjennom bruksanvisninga om att og om att mens eg prøvde alle moglege løysingar. Det hadde seg nemleg slik at dei loddrette stengene peika ca. 30 grader utover uansett kva veg eg snudde dei. Eg skrudde og skrudde til eg hadde metallsmak i munnen. Heldigvis hadde eg tatt stolen først, slik at eg kunne sitja behageleg mens eg kjempa mot stativet. Til slutt fann eg ut at det var botnstanga, som var det første eg skrudde fast, som var feil veg. Med den på rett kjøl gjekk det som ein draum. Hurra!

Eg feirer med ein dårleg versjon av ordtaket:

Nød lærer naken kvinne å spinne umbraconøkkel.